Rallaren og Djevelens tunnel

"Rallaren og Djevelens tunnel" (2023) er Erling M. Nesbø si andre bok. Her møter me ungguten Ulf Johannes Solbakken, som bryt opp frå husmannsplassen i bygda i Lustrafjorden for å få seg "knog" på Bergensbanen.

I boka skildrar forfattaren rallaren sin tøffe kvardag og blodslit på høgfjellet med livet som innsats. Drivkrafta ligg i det gode samhaldet og stoltheita, samt jaget etter gode akkordar.

Den segnomsuste Gjert Kårdal, fjellførar Norges statsbaner, kjentmann og reinsjeger, har ei sentral rolle i boka. Ulf lærer mykje av denne fjellmannen og ser opp til han, til liks med forfattaren sjølv.

Livet på fjellet vert skildra som eit liv i fridom. Naturen, ubeskriveleg vakker og storstilt. Ulf har funne sin plass i livet. Men tøffe hendingar brenn seg inn i eit ungt sinn. Døde og ulykker jagar bak han, som ein djevel i ein tunnel full av borestøv og dynamittladd, -Djevelens tunnel...

Pris pr. bok kr 370,-

Forside