Fjellets sønner

I boka "Fjellets sønner - Forteljingar frå 51 år på Bergensbanens høgfjell" (2023) tar forfattar Erling M. Nesbø oss med på ei reise over høgfjellet. Ei reise i tid, med livet som innsats. Her møter du rallarar og jernbanefolk, og vert kjend med den segnomsuste fjellmannen Gjert Kårdal. Du blir tatt med i snøstorm og uvær. Ulykker og tragediar. Du får dryss med humoristiske, små historier om glade dagar på Finse, med originalar og festlege lag. 

Nesbø sit med enorm kunnskap om snøsikring og snørydding. Han er og ein ihuga jeger, og boka er ladd med både meir eller mindre treffsikre historier frå reinsjakta. Forfattaren tek opp viktige samfunnsproblem som alkoholmisbruk og psykiske lidingar. I tillegg har han klare meiningar om god leiarskikk, med eit stikk mot dårleg personalpolitikk. «Fjellets sønner» balanserer på ei fin nerve av gripande kunnskap og innsikt, ispedd lun humor og kjenslevare skildringar frå eige liv og tilværet på høgfjellet.

Pris pr. bok kr 410,-

Forside